Stor og liten forbokstav
Stillingsnemningar har liten forbokstav. Det same gjeld etatar som ikkje er konkrete einingar. Vanlege avdelingar og seksjonar har liten forbokstav (t.d. økonomiavdelinga). Ikkje gløym rett målform i namn og nemningar som står utanfor hovudteksten!
Viktige valfrie ord og former
løn/lønn; ynskje/ønskje, fyrst/først røynsle/erfaring; handsaming/behandling; naudsynt/nødvendig gje–gjev–gav–har gjeve (rådgjevar) / gi–gir–gav–har gitt (rådgivar)
Bøying av viktige ord
arbeider–arbeidde knyter–knytte leier–leidde løn(n)er–lønte søkjer–søkte ynskjer–ynskte merkjer–merkte (merk: merkar–merka tyder ‘leggje merke til’) området – fleire område – alle områda lokalet – fleire lokale – alle lokala Alle ord på -nad får e i fleirtal: søknader–søknadene
Ymse attergangarar
Skriv heller frøavdelinga, strategiseksjonen enn avdeling frø, seksjon strategi. Skriv heller politikk overfor enn politikk i forhold til. Stillinga omfattar er greitt, men kan varierast. Skriv heller rådgjevaren skal arbeide med enn stillinga vil ha oppgåver knytt til. Skriv heller er, har, kan vere enn vil vere, vil ha, vil kunne vere. Skriv heller mykje av enn ein vesentleg del av. Skriv heller ei eining med enn ei eining beståande av. Skriv heller medrekna, som omfattar, mellom anna, og enn herunder. Skriv heller og, dessutan, i tillegg til, attåt enn samt. Skriv heller vi/stillinga krev, søkjaren må enn det krevst. Skriv heller fleire opplysningar får/finn du på enn for meir/fleire opplysningar sjå.
Genitiv
Seksjonens hovudoppgåver på bokmål vert hovudoppgåvene til seksjonen på nynorsk. Seksjonens arbeid på bokmål vert arbeidet i seksjonen på nynorsk
Passiv
Skriv heller du må rekne med enn det må påreknast. Likeins heller vi bed søkjaren dokumentere enn det bes dokumentert.
Substantivsjuke
Skriv heller ein rådgjevar må kunne tenkje strategisk enn ved ev. tilsetjing som rådgjevar krevst evne til strategisk tenking. Siden opprettelsen av enheten på bokmål vert sidan eininga vart skipa på nynorsk, og det kreves kjennskap til på bokmål vert NN må kjenne/kunne på nynorsk.
Flosklar
I stillingslysingar går det lett inflasjon i fokus og meir eller mindre sentrale (viktige) utfordringar (ofte: oppgåver, problem), problemstillingar (ofte: problem, spørsmål, emne) og prosessar. Men utgreiingsprega prosessar er vel oftast beint fram utgreiing.
Vi bruker ikkje lenger stutte ord som gjerd, lag eller hått om «personlege eigenskapar og veremåte». Men vi treng ikkje vere så omstendelege for det. Nedanfor har vi sett opp ein moderne «eigenskapspotpurri» og eit «gammaldags» alternativ:
Den «moderne» formuleringa (med flosklar):
Det kreves god skriftlig og muntlig framstillingsevne samt gode kommunikative ferdigheter. Analytisk evne og faglig engasjement er av avgjørende betydning. Videre vektlegges en løsningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både selvstendig og i team. Godt humør og positiv innstilling er andre ønskelige egenskaper.
Den alternative formuleringa (utan flosklar):
Søkjaren må vere tale- og skrivefør og lydhøyr. Vi søkjer ein skarpskodd, tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar. Han eller ho må vere godlynt og arbeide godt så vel i lag som åleine.
|